Sykkeli, lykkeli | Silje Onstad Hålien/Arturo Tovar

Tirsdag 2. september kl. 09:30 og 11:00
Onsdag 3. september kl. 09:30 og 11:00
Torsdag 4. september kl. 13:00
Fredag 5. september kl. 09:30 og 11:00

Førestillinga blir gjennomført i barnehagen og passar for alle.

For barnehagar

Spinn, spinn, kanskje du finn... ei spinnvill førestilling på hjul!

I Sykkeli, lykkeli kjem Silje Onstad Hålien og Arturo Tovar syklande til barnehagen din, på leit etter dei villaste rytmane, dei raraste lydane og dei største drakebrøla!

Førestillinga går føre seg på barnehagen sitt uteområde og passar for alle barna i barnehagen.

Velkommen til ei sanseleg, interaktiv og utandørs førestilling som inviterer til undring og fantasi.

MEDVERKANDE

Utøvarar: Arturo Tovar og Silje Onstad Hålien
Koreografi: Silje Onstad Hålien
Regi: Elisabet Topp
Komponist og musikar: Erlend Viken
Musikarar: Andreas Bratlie og Andreas Løwe
Scenograf: Christine Lohre
Kostyme: Signe Vasshus
Ytre auge: Nils Christian Fossdal
Produsent: Rannveig Øygardslia
Co-produsentar: Elefantteateret, Riksscenen, Sprang

Støtta av: Kulturrådet, Spenn/Scenekunstbruket og FFUK

Førestillinga blir vist takka vere støtte frå Sparebankstiftinga SR-bank, Rogaland fylkeskommune og Stavanger kommune.